Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. Frå gamalnorsk blei Nisser kalla «Niðsær», der fyrste del «Nið» tyder «brusande», medan andre del «sær» tyder «sjø».

Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn.

Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.

I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane. 

Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter. 

Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.

Vi har desentralisert skulestruktur med Tveit skule - Nissedal ungdomsskule 1-10 og Kyrkjebygda oppvekstsenter 1-7.  

Vi har barnehage i Kyrkjebygda, Fjone, Treungen og på Felle.

I Treungen er det blant anna omsorgssenter, bu- og avlastingsenter, Fleirbrukshus, bibliotek og kino.

  • Samla areal: 908 km2
  • Innbyggjarar 4. kvartal 2023: 1 471
  • Innbyggjarnamn: Nissedøl, treunge, fellsing
  • Målform: Nynorsk
  • Høgaste punkt: Førheinutane 1 049 moh
  • Kommunenummer: 4030
  • Fylke: Telemark

Informasjon om kommunevåpenet

I kommunestyresak 038/92 den 07.05.1992 blei det vedteke kva for kommunevåpen Nissedal kommune skulle ha.

Det var utlyst ei tevling om forslag til kommunevåpen, og det kom inn 143 forslag frå 25 personar. Det blei vidareutvikla 8 motiv, og teiknar Halvor Holtskog blei engasjert i det vidare arbeidet.
Ettersom kommunevåpenet skulle bli oppfatta som eit særmerke ved Nissedal kommune, blei 8 motiv til 3:

  1. I gull tre raude nisseluver
  2. I sylv ein rettvendt blå spiss, danna ved bølgesnitt
  3. I grønt ein sølvslangering

I saksutgreiinga i formannskapssaka står det dette om alternativ 1.:

"Nisseluene er morosame, klåra og harmoniske. Alle kan sjå, og skjøne kva motivet er, og vil snart sette motivet i samanhang med kommunenamnet. Er det ikkje det som er meininga? Me har vel og rike segnetradisjonar, alt opp til vår tid, som fortel at her bur nissen.
Kanskje er dusken litt for stor og tung? Den minner meir om eit kiloslodd på krambua."

Utdrag frå kommunstyremøtet:

  • Designer Halvor Holtskog orienterte om reglane og avgrensingane som gjeld for kommunevåpen, samt ei kort orientering om dei aktuelle motiva.
  • Det blei motteke ein underskriftskampanje "Nissedølar mot nisseluver" frå ein deputasjon/gruppe med 333 underskrifter.

Kommunestyret vedtok alternativ 1 med 16 mot 5 røyster.

Kommunebilete - Nissedal okt. 2022

Eit kommunebilde attgir Statsforvalteren i Vestfold og Telemarks «bilde» og inntrykk av kommunen, både av kommunen som heilskap og av enkelttenester og forvaltingsområde.

Dei blir utarbeidde i samband med Statsforvalteren sine kommunesamtalar og dannar grunnlaget for dialogen i desse møta. Bilda kan bli justerte i etterkant av møta, basert på dialogen med kommunen. 

Her kan du laste ned kommunebiletet for Nissedal - 2022 (pdf)