Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Gebyr etter matrikkellova

Vedtekne satsar gjeldane frå 01.01.17.

Med heimel i matrikkellova (jf. §32, forskrift §16) er det fastsett følgjane satsar:

Nr.  Gebyrregulativ Pris
1.1 Oppretting av matrikkeleining  
1.1.1 Oppretting av grunneigedom og festetomt  
  Areal 0 - 2000 m2 13.300,-
  Areal frå 2001 m2 - auke pr. påbyrja dekar 1.100,-
  For areal over 8000 m2; Tilleggsgebyr for tidsbruk over 4,0 t med timesats
lik 1,2 promille av årsløna. 
 
  Frådeling av eksisterande festetomt der det er gjennomført oppmåling/laga
målebrev etter 01.01.1980, får 2/3-dels gebyr. 
 
  Frådeling som fell inn under §42 i matrikkelforskrifta (LNFR-areal over
100 dekar) for 2/3-dels gebyr.
 
1.1.2  Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn  
  Pr. sak uansett arealdel 3.900,-
  Der markarbeid er påkrevd, utløyser det tilleggsgebyr etter pkt. 1.6.  
1.1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon  
  Pr. eigarseksjon areal 0 - 2000 m2 11.900,-
  Areal frå 2001 m2 - auke pr. påbyrja 1000 m2 1.100,-
1.1.4 Oppretting av anleggseigedom  
  Volum 0 - 2000 m3 6.000,-
  Volum frå 2001 m3 - auke pr. påbyrja 1000 m3 500,-
1.1.5  Registrering av jordsameige  
  Gebyr etter brukt tid, med timesats lik 1,2 promille av årsløna  
1.1.6 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning  
  Som i punkt 1.1.1, 1.1.2, 1.1.4 og 1.1.5.  
  Ved fullført oppmåling eit tilleggsgebyr 3.700,-
1.2  Avbrot  
1.2.1 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering  
  Gebyr for utført arbeid dersom saka blir trekt før ho er fullført, må
avvisast, ikkje let seg matrikkelføre på grunn av endra heimelstilhøve,
eller av andre grunnar ikkje kan fullførast, blir sett til 1/3 av gebyrsatsane i 1.1.
 
1.3 Grensejustering  
1.3.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige  
  Ved gebyr for grensejustering kan areal for involverte eigedomar justerast med
inntil 5% av eigedomsarealet (maksimalgrensa er sett til 500m2). Ein eigedom
kan derimot ikkje gje frå seg areal om si sum overstig 20 % av eigedomsarealet 
før justering. For grensejustering til veg- eller jarnbaneførmål kan andre
arealklasser gjelde.
 
  Areal 0 - 500 m2 6.000,-
1.3.2  Anleggseigedom  
  For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5 % av
anleggseigedomsvolumet, men den maksimale grensa er sett til 1000 m3. 
 
  Volum 0 - 250 m3 3.000,-
  Volum 251 - 1000 m3 6.000,-
1.4 Arealoverføring  
1.4.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige  
  Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast.
Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg-
og jarnbaneføremål.
 
  Areal 0 - 100 m2 4.600,-
  Areal 101 - 250 m2  6.900,-
  Areal 250 - 500 m2  9.400,-
  Auke pr. nytt påbyrja 500 m2  500,-
  Dersom grense(r) på eksisterande grunneigedom ikkje er koordinatbestemt,
eit tilleggsgebyr på:
 3400,-
  + evt. tilleggsgebyr for tidsbruk over 4,0 t med timesats lik 1,2 promille av årsløna
 
1.4.2  Anleggseigedom  
  For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining
til ei anna,
- ikkje vere registrert på ei tredje matrikkeleining. Volumet kan bare overførast
 til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanføyning er til stades. 
Matrikkeleininga skal utgjere eit samanhengane volum.
 
  Volum 0 - 500 m3 3.900,-
  Auke pr. nytt påbyrja 500 m3  500,-
1.5 Klarlegging av eksisterande tomt der grensa ikkje er koordinatbestemt  
  For tomt inntil 8000 m2 9.000,-
1.6  Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning.  
  For inntil to punkt  4.000,- 
  For overskytande grensepunkt, pr punkt  300,- 
1.7  Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt/
eller klarlegging av rettar.
 
  For inntil to punkt  6.900,
  For overskytande grensepunkt, pr. punkt 700,-
  Gebyr for klarlegging fakturerast etter brukt tid, timesats 1,2 promille av årsløna  
1.8 Privat grenseavtale  
  For inntil 2 punkt eller 100 m grenselengde 1.200,-
  For kvart punkt eller påbyrja 100 m grenselengde   100,-
  (Vel billigaste alternativ for rekvirenten)   
1.9 Urimelege gebyr  
  Dersom gebyret klart er urimeleg i høve til prinsippa som er lagt til grunn, og det
arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan rådmannen eller den han/ho
gjev fullmakt, av eige initiativ fastsetje eit passande gebyr.
 
  Fullmaktshavar kan under same føresetnadar og med bakgrunn i grunngjeven
søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr. 
 
1.10  Betalingstidspunkt  
  Gebyret skal krevjast inn på forskot  
1.11  Endringar i grunnlaget for matrikkelføringa av saka  
  Endrar rekvirenten grunnlaget for matrikkelføringa av saka før ho er avslutta, skal
gebyret likevel stå ved lag.
 
1.12 Utskriving av matrikkelbrev  
  Matrikkelbrev inntil 10 sider 175,-
  Matrikkelbrev over 10 sider  350,-
1.13 Gebyr rekna ut etter brukt tid  
  Gebyr for oppmålingsarbeid som ikkje kan fastsetjast ut frå punkta over, skal reknast
ut etter brukt tid, timespris som svarar til 1,2 promille av brutto årsløn for den som
utfører arbeidet, i tillegg til kostnadar med reise og eventuelt merkemateriell.
 
1.14  Statlege gebyr og avgifter  
  Tinglysingsgebyr og eventuelle dokumentavgifter kjem i tillegg til alle kommunale gebyr.  
1.15 Regulering av gebyrsatsane  
  Gebyrsatsane kan regulerast kvart år i samband med budsjettvedtaket i kommunen, og
skal innordnast målet om full inndekking i sjølvkostregnskapet for desse tenestene.
 
1.16 Tidspunkt for iverksetjing  
  Gebyrregulativet gjeld frå 01.01.2017.  

Gebyrregulativet er vedteke av Nissedal kommunestyre (sak 103/16, 08.12.16) og Kviteseid kommunestyre (sak 090/16, 15.12.16).

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk