Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Utleige

Sist endret: 19.01.2018Kontaktavdeling: Eining for kultur Kontaktperson: Anne Margrethe Espelid

Lag og organisasjonar får leige lokale i Fleirbrukshuset.

Ordensreglar:

Låntakaren er ansvarleg for låsing av bygningen etter bruk. Dører og vindauge sjekkast ved låsing.

Lånetakaren skal rydde og tørrmoppe lokala etter bruk. Dette gjeld sjølv om lokale skal nyttast av andre etter eigen bruk.

Låntakaren har berre høve til å låne dei romma det er gjort avtale om. Låntakar må sjå til at andre rom er avlåste. 

Låntakar skal sørge for at det er alltid er ein person over 18 år til stades.

Lys vifter o.l. må alltid slåast av etter bruk.

Ingen har høve til å til å bruke datamaskiner, instrument, lydutstyr og liknande utan å ha gjort avtale om dette.

Eventuelle skadeverk må meldast til kommunen ved teknisk eining, snarast råd. Samtidig må det gå ei melding til skulen. Låntakaren er økonomisk ansvarleg for skadeverk.

Ekstra reinhald i samanheng med utlåne av lokale, vil bli fakturert låntakaren.

Til alle idrettsaktivitetar skal det nyttast egna innesko som ikkje set merke i golv. Der er ikkje lov å bruke handballklister.

Leigetakarar har plikt til å gjere seg kjend med rømningsvegar, samleplass, slokkeutstyr, brannalarmanlegg og varslingsrutiner.

Leigetakar har plikt til å møte på brannøving når dette vert arrangert.

Skjema for utleige.

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk