Nissedal folkebibliotek ligg ved Nissedal ungdomsskule. Biblioteket er eit tilbygg til skulen, og er organisert som eit kombinasjonsbibliotek.
Vi har eit godt utval av aviser, blad, filmar og sjølvsagt mange gode bøker.
Har du lyst å lese ei e-bok? No kan du låne e-bøker gratis på Nissedal bibliotek. Alt du treng er eit Nasjonalt lånekort som er klargjort for e-bok utlån.
Ta ein tur innom og få ein god kopp kaffe/te og ta ein pust i bakken, på biblioteket finn du garantert noko som passar for deg.
Når biblioteket har laurdagsope er det "Dikt og te" kl. 12.00 og små hobbyaktivitetar for born som til dømes origami og bivoksljos.
Attmed symjehallen vil det vere eit lite utval av bøker og magasin når biblioteket har laurdagsope.
Ope |
Tid |
Tema |
Måndag |
kl. 13.00-16.00 |
|
Onsdag |
kl. 14.30-19.00 |
|
Besøksadresse: Solås 2