Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Tilskotsordningar

Desse tilskotsordningane finst i Nissedal kommune.

Kultur og prosjektmidlar

Kommunen har kulturmidlar til drift av lag og organisasjonar til utdeling. Midlane ligg på budsjettet til eining for kultur. Det må søkjast på eige skjema.

Det er eit vilkår at utdrag av rekneskap og årsmelding fylgjer med søknaden, ellers blir den ikkje behandla.

Retningsliner for tildeling av kulturmidlar

  1. Lag og organisasjonar må vere opne for ålmenta for å kunne få tilskot.
  2. Arbeid med tiltak for barn og ungdom blir prioritert.
  3. Kring 1/4 av midlane blir sett av til prosjektmidlar som lag og organisasjonar kan søkje på. Ein ev. rest av prosjektmidlane blir fordelt som drift/oppstartstilskot.
  4. Det kan søkjast på driftstilskot og prosjektmidlar.
  5. Søknadsfrist er 10. april
  6. Formannskapet deler ut midlane.

Spelemidlar

Handlingsdelen av kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet skal rullerast kvart år.

Stadfesting av noverande tiltak, og planar for nye tiltak, samt søknad om spelemidlar må vere sendt eining for kultur innan 1. oktober.

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk