Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ungdomsklubb

Sist endret: 05.04.2019Kontaktperson: Roberto Soest

Ungdomsklubben er ope frå veke 34.

Opningstider:

  • Onsdag frå kl. 14.30 – 18.00, og er open for elevar på mellomtrinnet og ungdomsskulen.
  • Fredag frå kl. 17.00 – 22.00 (kl. 17.00 - 20.00 for 7. klasse), og er open for ungdom frå 7. klasse, elevar på ungdomsskulen og vidaregåande skule. 
  • Laurdag framover frå kl. 18.00 - 23.00, med unnatak av påskeeftan, og er open for ungdom frå 7. klasse til og med vidaregåande skule-alder.

Ungdomsklubben held til i eigne lokale i Fleirbrukshuset.

Tilbodet med laurdagsope ungdomsklubb har vore veldig populært, og viser at det er viktig med ein trygg og god møteplass for ungdom i kommunen. 

Alle ungdom er hjarteleg velkomen, om du er fastbuande, hyttebuande eller på besøk.

På ungdomsklubben kan du drive med mange ulike aktivitetar, som bordtennis, biljard, airhockey, flipperspel, shuffleboard, sjakk, volleyball og anna ballspel, høyre på musikk, vere med andre ungdommar og mykje meir.

Dei som ynskjer å gå på ungdomsklubben må betale ein kontingent på kr. 100,- for ungdomstrinn og vidaregåande og kr 50,- for born på mellomtrinnet. Medlemskontingenten kan du betale på ungdomsklubben.

Det er Roberto Soest og Marjan Wouts som jobbar på ungdomsklubben.

Namn  Tittel Mobilnummer  E-post 
Roberto Soest  Klubbleiar  414 84 478   roberto.soest@nissedal.kommune.no
Marjan Wouts  Assistent  904 79 426   marjan.wouts@nissedal.kommune.no


KEMFU reglar finn du her

Besøksadresse: Solås 2

Velkomen 😃😎




Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk