Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Avdelingsleiar - Kåsa bu- og avlasting

Tenesta for funksjonshemma har ledig 80-100 % fast stilling som avdelingsleiar.
Stillinga er på dagtid, utan helg.

Om kommunen

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500 innbyggjarar. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.

Eining for helse og habilitering er tenesta for funksjonshemma og helseavdelinga. 

Om stillinga

Avdelingsleiaren har det daglege fag- og personalansvaret. 

Stillinga er både systemretta og utviklingsorientert og inneber mellom anna:

  • Å bidra til å sikre at brukarane får tenester som er i samsvar med gjeldande lovverk, forskrifter og kommunale vedtak for verksemda
  • Journalansvar, med ansvar for vurdering og igangsetting av tiltak
  • Samarbeid med brukarar og pårørande
  • Dagleg oppfølging av tilsette, med planlegging og fordeling av oppgåver, avdelingsmøte og turnusarbeid

Kvalitetskrav:
  • Minst 3-årig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag

Søkjar bør ha:
  • Administrativ utdanning og /eller erfaring
  • Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og ynske om å ta utfordringar
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til empati og sette brukaren i sentrum
  • Kunnskap og erfaring i bruk av Profil
  • Personlege eigenskapar vektleggjast

Vi kan tilby:
  • Allsidige og meiningsfylte oppgåver
  • Vidareutvikling av fagmiljø
  • Dagarbeid utan helg

Søkjaren må ha førarkort kl. B.

Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement. 
Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige. Vanlege løns- og pensjonsvilkår.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Kontaktperson:
Konstituert einingsleiar Tove Solli Homme, tlf. 901 25 133


Søknad på elektronisk søknadsskjema - ID 455


Søknadsfrist: 19.04.18.






Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk