Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Barnehagelærar

Eining for barnehage har ledig inntil 80% fast stilling som barnehagelærar i eining for barnehage - ID 511.
Stillinga er ledig frå 01.08.2019.

Kvalifikasjonskrav:

  • Barnehagelærarutdanning
  • Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
  • Samarbeidsevne og fleksibilitet
  • Lyst og evne til å bidra til den gode barnehagen
  • Interesse for faget og vera opptatt av å utvikle deg.
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Nissedal kommune har 5 kommunale barnehagar i eining for barnehage.
Vi arbeider med utviklingsarbeid på tvers av barnehagane.

Nynorsk er målforma som blir nytta.

Ved interne tilsettingar kan andre stillingar i eininga bli ledig.

Nærare opplysningar får du ved å kontakte einingsleiar Gro Midtsund, tlf. 350 48407 eller 91 38 26 46.

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.

Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.


Søknad på elektronisk søknadsskjema


Søknadsfrist: 31 mars 2019

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk