Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Dagleg leiar PPT IKS

Sist endret: 13.04.2018Kontaktperson: Sverre Sæter
Logo ppt iks

Vest-Telemark PPT er ei interkommunal teneste for kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke, Vinje og Telemark Fylkeskommune.
Kontorstaden er i Kviteseid, med Kviteseid som vertskommune.

Kontoret har 7 fagstillingar og 1 merkantil stilling.

Ein vektlegg førebyggjande og systemretta arbeid, for å bidra til eit godt lærings- og utviklingsmiljø i barnehagar og skular. 


Frå 1.8.2018 er det ledig 100% fast stilling som dagleg leiar ved Vest-Telemark PPT IKS.

Dagleg leiar har omlag 50% stilling til leiing, den resterande delen er i hovudsak no knytt til systemarbeid i barnehage og skule.
Vidare vil dagleg leiar ha ansvar for vidareutvikling av tverretatleg samarbeid, for å gje eit heilskapleg tenestetilbod til brukarane. 
Leiaren skal bidra til ein innovativ og proaktiv teneste ovanfor dei samarbeidande kommunane.
Leiaren har fag-, økonomi- og personalansvar, og rapporterar til styret.  


Me legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant høgare utdanning (høgskule/universitet)
  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Kunnskap om relevant lov og avtaleverk
  • Nytenkande og evne til å inspirere og motivere
  • Stor arbeidskapasitet, evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Personleg eigna til stillinga

Me kan tilby:
  • Lønn etter avtale
  • Tilsetjing på kommunale vilkår
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert teneste  
  • Eit godt arbeidsmiljø  
  • Kultur for deling av kompetanse
  • Høve til fagleg utvikling
  • Godt samarbeid med barnehagane og skulane i regionen

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ber om at attesterte vitnemål og attester blir tatt med i intervju.  

Dei som vert tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest . 

Søkjaren må disponere eigen bil i tenesta. 

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å henvende seg til styreleiar Sverre Sæter (rådmann i Nissedal kommune), mob.: 99 34 08 62 eller e-post: sverre.seter@nissedal.kommune.no  

Søknad på elektronisk søknadsskjema – ID 461



Velkomen som søkjar!


Søknadsfrist: 05.05.2018

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk