Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Driftsleiar vatn og avløp


Vi har ledig stilling som Driftsleiar vatn og avløp - ID 473.

Nissedal kommune har om lag 1500 innbyggjarar og ligg naturskjønt til i Vest-Telemark.
Nissedal kommune er ein to-nivå kommune der eining for teknisk drift er ein av 6 einingar.  

Om stillinga

Nissedal kommune har dei seinare åra satsa stort på vass- og avløpstenestene, og har i dag omlag 1.000 abonnentar på vatn og 1.600 abonnentar på avløp.
Satsinga vil halde fram også dei neste åra. Nissedal kommune er også vertskommune for drift av fellesanlegg på Gautefallheia, der også Drangedal kommune er deltakar. 

Som erstattar for ein av våre driftsoperatørar som nå blir pensjonist, søker vi etter driftsleiar vatn og avløp. Stillinga er underlagt avdelingsleiar teknisk drift.

Til stillinga ligg ansvar for dagleg drift av kommunale vass- og avløpsanlegg. Stillinga inngår i vaktordning, og inneber til tider mykje kontakt med abonnentane.
Det må også påreknast andre oppgåver.

Vi ønskjer søkarar som har:
• Teknisk fagskule/fagbrev innafor relevante fagområde
• Erfaring frå arbeid med vass- og avløpsanlegg (vil bli særleg vektlagt)
• Gode samarbeidsevner 
• Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
• Minimum førarkort kl. B

Søkarar med relevant arbeidserfaring, men som manglar formell utdanning, vil også bli vurdert.

Vi kan tilby:
• Interessante og varierande arbeidsoppgåver
• Satsing på utvikling og kompetanseheving 
• Ein uformell arbeidsstil og kort avstand mellom tilsette og leiarar
• Løn etter tariff og medlemskap i Klp
• Fleksitidsordning

Tilsetjingsvilkår i følgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
Namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.

For ytterlegare opplysingar: fungerande einingsleiar Kjell Vøllestad tlf. 901 73 809.


Søknad på elektronisk søknadsskjema.


Søknadsfrist 22.06.18

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk