Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Eining for barnehage


I samband med at vi har barn med særskilte behov i barnehagen vil fylgjande stillingar i eining for barnehage bli ledige frå 1.august 2018:

  • 80% spesialpedagog – ID 466
  • 2 x 40% fagarbeider – ID 467

Det kan bli mogeleg å kombinere dei to fagarbeider stillingane.

Kvalifikasjonskrav

For spesialpedagog:

  • 3- årig høgskuleutdanning t.d. barnehagelærar, lærar, barnevernspedagog, vernepleiar o.l.

For fagarbeider:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider

For alle stillingane:

  • Gode faglege kunnskapar og interesse for spesialpedagogikk 
  • Samarbeidsevne og fleksibilitet
  • Interesse for faget og vera opptatt av å utvikle deg
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar


Vi kan tilby

  • Inkluderande og positivt arbeidsmiljø
  • Spennande arbeidsoppgåver 
  • Tilsetting og pensjonsordningar på kommunale vilkår
  • Løn etter gjeldande tariff

Andre med relevant utdanning kan og søke.

Ved interne tilsettingar kan andre stillingar bli ledig.

Nærare opplysningar får du ved å kontakte einingsleiar Gro Midtsund, telefon 35 04 84 77 eller mobil 913 82 646.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.

Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.


Søknad på elektronisk søknadsskjema


Søknadsfrist: 25. mai 2018

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk