Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Eining for helse og habilitering

Eining for helse og habilitering har fylgjande ledige stillingar:

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500 innbyggjarar. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.
Eining for helse og habilitering er tenesta for funksjonshemma og helseavdelinga.

  • Vernepleiar 100 % fast stilling frå 01.09.2019, i turnus med arbeid kvar 3. helg. – id 528
  • Vernepleiar 80 % vikariat frå 01.09.2019 og inntil 1 år, i turnus med arbeid kvar 3. helg. – id 529

Ansvarsoppgåver:
Målretta miljøarbeid
Delta på samarbeidsmøter kring brukarar.
Primærkontaktoppgåver.
Medikamentansvar i høve til lovverk og interne rutiner.
Vurdere, planlegge, gjennomføre og evaluere tenestar til aktuelle brukarar.
Bistå brukarar i daglige gjeremål, aktivitetar, stell og pleie.
Halde seg faglig og teknisk oppdatert.

Krav:
Autorisasjon som vernepleiar, evt. anna relevant 3-årig høgskuleutdanning.

Søkjar bør ha:
Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og ynske om å ta utfordringar
Gode kommunikasjonsevner
Evne til empati og sette brukaren i sentrum
Kunnskap og erfaring i bruk av Profil
Personlege eigenskapar vektleggjast

Vi kan tilby:
Allsidige og meiningsfylte oppgåver
Vidareutvikling av fagmiljø
Løn etter avtale

  • Helsefagarbeidar 100% vikariat inntil 1 år, frå 22.10.2019. Turnus med arbeid kvar 3.helg. – id 530
  • Helsefagarbeidar fast stilling frå 01.09.2019, 16 % turnus med arbeid kvar 3.helg. – id 531

Ansvarsoppgåver:
Målretta miljøarbeid
Delta på samarbeidsmøter kring brukarar
Vurdere, planlegge, gjennomføre og evaluere tenestar til aktuelle brukarar
Bistå brukarar i daglige gjeremål, aktivitetar, stell og pleie
Halde seg faglig og teknisk oppdatert

Krav:
Autorisasjon som helsefagarbeidar

Søkjar bør ha:
Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og ynske om å ta utfordringar
Gode kommunikasjonsevner
Evne til empati og sette brukaren i sentrum
Kunnskap og erfaring i bruk av Profil
Personlege eigenskapar vektleggjast

Vi kan tilby:
Allsidige og meiningsfylte oppgåver
Vidareutvikling av fagmiljø

  • Tilkallingsvikarar – id 532

Vi treng tilkallingsvikarar i tenesta for funksjonshemma.

Ved tilsetjing, kan andre stillingar bli ledige.

For alle stillingane gjeld:
Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.

Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige.
Vanlege løns- og pensjonsvilkår. Søkjaren må ha førarkort kl. B.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Kontaktpersonar:
Einingsleiar Tove Solli Homme, tlf. 90125133
Avdelingsleiar Kåsa, John Olav Klodvik, tlf. 91198047

Søknad på elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist: 25.08.2019.


Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk