Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Eining for omsorg

Ledige stillingar ved Nissedal omsorgssenter og i heimesjukepleia

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500 innbyggjarar. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.
Eining for omsorg består av somatisk og skjerma avdeling, heimesjukepleie, heimehjelp og reinhald/kjøkken.

Eining for omsorg har no ledige stillingar:

Nissedal Omsorgssenter:

Helgestillingar som helsefagarbeider, eller andre med relevant erfaring
Stillingar i turnus over 6 veker i avdeling for personar med demens (SA) og i somatisk avdeling
Stillingane kan tilsettas med jobb 2 av 6 helger, eller 3 av 6 helger, 12 – 25 % stilling
Som fagarbeider innan helse vil du kunne få fast tilsetting - ID 477

Helsefagarbeider 60% vikariat i somatisk avdeling. Med mogleg fast tilsetting - ID 478
Sjukepleiar 100%, ½ års vikariat i somatisk avdeling. Med mogleg forlenging - ID 479

Heimesjukepleia:

Sjukepleiar 62%, vikariat til 01.02.20. Med mogleg forlenging - ID 480
Sjukepleiar i fast stilling, 6. kvar helg - ID 481
Heimehjelp 20% fast stilling - ID 482

For alle stillingar gjeld tilsetting medio august
Det vert kalla inn til intervju
Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar

Kontaktpersonar:
Ingerid Homme, avdelingsleiar somatisk avdeling - 35048460
Astrid Eidem Nordal, avdelingsleiar i SA - 35048465
Solveig Nilsen, avdelingsleiar heimetenestene – 35048463 / 470 11 622

Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
Vanlege løns- og pensjonsvilkår.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Søknad på elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist: 29.07.18

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk