Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Einingsleiar helse og habilitering

Me har stilling ledig som einingsleiar helse og habilttering 100% - id 470.

Kort om kommunen

Nissedal kommune har om lag 1500 innbyggjarar og ligg naturskjønt til i Vest-Telemark.

Nissedal kommune er ein to-nivå kommune med 6 einingar. Vi har delt helse og omsorgsoppgåvene i to einingar, der helseavdelinga og tenesta for funksjonshemma høyrer til eining for helse og habilitering, og sjukeheim og heimetenester som heimesjukepleie og heimehjelp er knytt til eining for omsorg.


Om stillinga

Eining for helse og habilitering skal innfri politiske målsetjingar og lovfesta krav og forventningar slik at brukarar får tilfredsstillande tenester som fremjar positiv utvikling. Eininga har 37 årsverk fordelt på ca. 60 tilsette.

Einingsleiar rapporterer til rådmannen og er med i rådmannen si leiargruppe. Einingsleiar skal vere med og sikre gode tenester på tvers av forvaltningsnivå, einingar og avdelingar. For å løyse leiaroppgåvene har einingsleiar avdelingsleiarar internt i eininga. Einingsleiar helse og habilitering deltek i fagsamarbeid på tvers av kommunale einingar og interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark.

Arbeidsområde

  • Økonomi-, personal- og fagansvar for eininga
  • Utvikling av personalet og kvaliteten på tenestene
  • Saksførebuing til politisk nivå innan eininga sine ansvarsområde
  • Systemansvar for dataprogram, internkontroll, helse, miljø og sikkerheit
  • Arbeide aktivt for eit godt tverrfagleg samarbeid i kommunen

Kvalifikasjonskrav og –ynske

  • Relevant utdanning frå universitet/høgskule
  • Leiarutdanning og -erfaring
  • Relevant fag- og arbeidserfaring
  • Gode evner til å motivere medarbeidarar, samarbeide og vere resultatorientert
  • Vere strukturert og sjølvstendig og ha god relasjons- og prosesskompetanse
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Evne til nytenking, fleksibilitet og ynske om å ta utfordringar

Du må ha lyst på fagleg og personleg utvikling og ynskje å vere med å prege kvardagen til brukarar, pårørande, kollegaer og samfunnet rundt.

Vi kan tilby
  • Allsidige og meiningsfylte oppgåver 
  • Godt fagmiljø
  • Tilsetting og pensjonsordning på kommunale vilkår 
  • Hjelp til å skaffe bustad

Personlege eigenskapar blir vektlagt. Intervju og referansar blir nytta i tilsettingsprosessen.
Ved tilsetting blir det stilt krav om politiattest. Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentlegloven § 25. Dersom du ber om ikkje å bli offentleggjort som søkjar, vil vi ta kontakt før eventuell offentleggjering. Vi oppmodar alle aktuelle kandidatar til å søkje, uansett kjønn, etnisitet og alder.

Nærare opplysningar om stillingane får du ved å kontakte rådmann Sverre Sæter, tlf. 35 04 84 02 / 993 40 862.




Søknadsfrist 20.06.18




Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk