Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Einingsleiar skule 2.gongs utlysing

Me har ledig 100% stilling som einingsleiar skule - 2.gongs utlysing - ID 483.

Om kommunen

Nissedal kommune dekker eit areal på 908 km² og har 1485 innbyggjarar. Nisser, ein av dei største innsjøane i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn. Nissedal har fått namnet sitt frå Nisser, som truleg kjem av gamalnorsk «Nidrsær», som tyder «Den nedre sjøen». Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.

I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane. Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter. Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.

Om stillinga

Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10) og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7). Skulane er organisert med kvar sin rektor. Einingsleiar rapporterer til rådmannen og er i rådmannen si leiargruppe. Einingsleiar er kommunen sin skulefagleg ansvarlege, og skal vere ein pådrivar i det pedagogiske utviklingsarbeidet i skulane i kommunen. Vi søkjer etter ein samlande og utviklingsorientert leiar som er i stand til å vidareutvikle eininga til beste for elevane, tilsette og lokalsamfunnet!

Ansvarsområdet til einingsleiar kan på eit seinare tidspunkt bli utvida.  

Arbeidsområde:
• Økonomi-, personal- og fagansvar for eininga
• Næraste overordna for rektorane og vaksenopplæringa
• Skuleeigaroppgåver 
• Sakshandsaming til politisk nivå innan eininga sitt ansvarsområde 
• Kommunalt tilsyn med barnehagane som barnehagemynde
• Aktivt arbeid for eit godt tverrfagleg arbeid i kommunen

Kvalifikasjonskrav/-ynskjer:
• Godkjent utdanning etter krav til skulefagleg ansvarleg i opplæringslova
• Administrativ utdanning
• Leiarerfaring
• Leiareigenskapar og god på relasjonskompetanse 
• Bruke nynorsk som skriftspråk

Om deg:
• Du har store forventingar til deg sjølv og dei du skal leie.
• Du bidrar til at det blir stilt høge forventingar til elevane, slik at alle får nytta sitt fulle læringspotensial
• Du er sjølvstendig, målretta og strukturert
• Du tek ansvar og set deg inn i nye fagområde .
• Du er positiv, engasjert, fleksibel og har godt humør og evne til å inspirere andre.
• Du kjenner deg heime i Nissedal kommune sine levereglar som seier at me skal vere:
o Rause
o Tydelege
o Opne og ærlege
o Oppgåveorienterte
o Imøtekomande og blide
o Stolte av arbeidsplassen og arbeidet vi utfører
o Samarbeidsviljuge og syne kvarandre respekt og omtanke

Vi kan tilby:
• tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sine reglement
• hjelp til å skaffe bustad
• flyttegodtgjersle etter eige regulativ

Nærare opplysningar ved rådmann Sverre Sæter, tlf. 35 04 84 02/ 993 40 862.

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. 

Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25. 



Søknadsfrist: 26.08.18


Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk