Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ferievikarar på NOS


Vi søker etter ferievikarar i vekene 26 – 32 for sommaren 2019 på Nissedal Omsorgssenter og i heimetenesta. – ID 491

Om kommunen

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500 innbyggjarar.
Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande
landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.

Eining for omsorg består av somatisk og skjerma avdeling, heimesjukepleie, heimehjelp og reinhald/kjøkken.

Vi treng deg på laget å søkjer etter:

Sjukepleiarar, fagarbeidarar, studentar, elevar og assistentar som kan vikariere i pleie- og omsorgsoppgåver ved institusjon og i heimetenesta.
Vi treng og vikarar på kjøkken, vaskeri og reinhald i perioden

Det er fint viss du kan skrive om kva du kan tenke deg å jobbe med. Ved ønskje om å jobbe i heimetenesta, må du ha førarkort på bil Kl. B. 
Dersom du berre kan jobbe delar av ferien eller har periodar du ønskjer fri, er det fint om dette kjem fram i søknaden.
Vi ønskjer primært at du kan jobbe i 80 – 100% stilling i 6 veker om sommaren

Kvalifikasjonar:

  • Du må kunne kommunisere godt, både munnleg og skriftleg på norsk.
  • Interesse for og ønske om å hjelpe eldre menneskar

Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar.

Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement. 
Vanlege løns- og pensjonsvilkår. 

Vi har bonusordning for ferievikarar, som kan gje inntil Kr. 10.000,- ekstra i løn for perioden. 

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Kontaktpersonar:

Solveig Nilsen, telefon 35 04 84 63
Ingerid Homme. telefon 35 04 84 60
Arne Hansen Espebu, telefon 35 04 84 52


Søknad på elektronisk søknadsskjema


Søknadane vil bli behandla fortløpande.

Søknadsfrist: 20.02.19



Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk