Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ferievikarar i eining for helse- og habilitering

Vi treng sommarvikarar i perioden 20.6.2018 til 15.8.2018 i tenesta for funksjonshemma (Kåsa bu- og avlastning) og ved Nissedal legekontor.

Om kommunen

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500 innbyggjarar. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.

Eining for helse og habilitering er tenesta for funksjonshemma og helseavdelinga.

Om stillinga

Oppmodar vernepleiarar, sjukepleiarar, legesekretærar, helsefagarbeidarar og studentar om å søkje sommarjobb hjå oss. 

Turnus med arbeid kvar 2-3 helg.

Søkjaren må ha førarkort kl. B.

Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement. 
Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige. 

Vanlege løns- og pensjonsvilkår.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Kontaktperson:

Konstituert einingsleiar Tove Solli Homme, telefon 901 25 133


Søknad på elektronisk søknadsskjema - ID 460


Søknadsfrist: 19.04.18.




Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk