Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Helsefagarbeider/ hjelpepleiar - NOS


Eining for omsorg har ledige stillingar som helsefagarbeider eller hjelpepleiar.

Om kommunen

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500 innbyggjarar.
Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.

Nissedal kommune er ein to-nivå kommune med 6 einingar. Vi har delt helse og omsorgsoppgåvene i to einingar, der helseavdelinga og tenesta for funksjonshemma høyrer til eining for helse og habilitering, og sjukeheim og heimetenester som heimesjukepleie og heimehjelp er knytt til eining for omsorg.

Eining for omsorg har følgjande ledige stillingar:

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar på skjerma avdeling som er ledig frå 01.02.19 – ID 493

Skjerma avdeling, tilrettelagt for personar med demens, har  ledig fast 40% for helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
Stillinga inneber turnusarbeid med dag og kveldsvakter, samt arbeid kvar 3. helg. 
Skjerma avdeling er ei avdeling for personar med demens, med 6 plassar i heimekoselege og funksjonelle lokalar og 2 tilsette på alle vakter. 

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar på somatisk avdeling som er ledig frå 01.05.19 – ID 494

Somatisk avdeling har ledig fast 50% stilling for helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
Stillinga inneber turnusarbeid med dag og kveldsvakter, samt arbeid kvar 3. helg.
Somatisk avdeling har 14 plassar fordelt på langtidsplassar og korttidsplassar.
Arbeidet er variert og inneheld bl.a. rehabilitering og pleie til eldre pasientar i samarbeid med fleire yrkesgrupper. 

Vi ynskjer for desse stillingane:

Personar med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og som er positive og fleksible. 
Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på.


Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov og kommunen sitt reglement. 
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Nærare opplysningar om desse stillingane får du ved å kontakte avdelingsleiar ved somatisk avdeling, Ingerid Homme på telefon 35 04 84 60.



Søknadsfrist: 20.02.2019

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk