Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kokk på NOS

Eining for omsorg har ledig stilling som kokk ved serviceavdelinga.

Om kommunen

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500 innbyggjarar.
Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.

Nissedal kommune er ein to-nivå kommune med 6 einingar. Vi har delt helse og omsorgsoppgåvene i to einingar, der helseavdelinga og tenesta for funksjonshemma høyrer til eining for helse og habilitering, og sjukeheim og heimetenester som heimesjukepleie og heimehjelp er knytt til eining for omsorg.

Kokk ved serviceavdelinga, ledig frå 01.04.2019 – ID 495

Avdeling for servicetenester har ledig fast 75% stilling  for faglært kokk.  Stillinga inneber dagarbeid i vekene og  dagarbeid i turnus kvar 3.helg, der du jobbar sjølvstendig.  Kjøkkenet lagar mat til 20 institusjonsbebuarar og leverar middag til 10-15 heimebuande tre dagar i veka. Det er to tilsette på jobb dei fleste vekedagar og ein tilsett i helgene. Kjøkkenet har eit nært samarbeid med pleieavdelingane i forhold til å lage tilpassa mat og etterkome ynskje. 

Kvalifikasjonar:
  • Institusjonskokk, eller anna relevant utdanning som kokk
Personar med anna relevant kompetanse/praksis kan og søke

Vi ynskjer personar med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og som er positive og fleksible.
Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på.

Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov og kommunen sitt reglement. 
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Nærare opplysningar om desse stillingane får du ved å kontakte avdelingsleiar ved serviceavdelinga, Beate Birkedal på telefon 35 04 84 62.



Søknadsfrist: 20.02.2019

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk