Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Lærarstillingar i Nissedalsskulen

Vi har ledig fleire lærarstillingar for skuleåret 2018-2019 i Nissedalsskulen.

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1 500  innbyggjarar.
Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. 
Nisser er den største innsjøen i Telemark og eit dominerande landskapsmerke med innbydande  sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er  variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv. 
Nissedal kommune har desentralisert skulestruktur og om lag 175 elevar fordelt på to skular: Tveit skule/Nissedal ungdomsskule 1-10 og Kyrkjebygda oppvekstsenter 1-7. Kyrkjebygda er fådelt. Båe skulane har rektorar som har det faglege, pedagogiske og økonomiske ansvaret for skulen.  Ved Nissedal vaksenopplæring er det om lag 15 elevar. 

Eit antal ledige vikariat ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule - ID 448 

Det er behov for lærarar med kompetanse til å undervise i:  

  • begynnaropplæring i norsk og matematikk 1.-4. trinn 
  •  tysk  
  • norsk som andre språk 
  • engelsk 
  • musikk 
  • matematikk 
  • kunst- og handverk 
  • arbeidslivsfag 
Nokre av stillingane kan bli faste. 

Vikariat i inspektørstilling ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule - ID 449  

Fødselsvikariat for skuleåret 2018-2019.                                     
Stillinga består av 50 % administrasjon og 50 % undervisning. 
Administrasjonsdelen kan bli auka. 

Vikariat ved Nissedal vaksenopplæring  - ID 450

Det kan bli ledig utdanningsvikariat i inntil 75 % stilling for skuleåret 2018-2019.

Vikariat ved Kyrkjebygda oppvekstsenter - ID 451

Det kan bli ledig  lærarvikariat i inntil 50 % for skuleåret 2018-2019.
Det er behov for lærarar med kompetanse til å undervise i spes.ped. 
Stillinga kan bli fast på sikt.  

 Me kan tilby:  

  • Inkluderande og positive arbeidsmiljø
  • Eit utviklingsorientert fagmiljø
  • Løn etter gjeldande tariff
  • Rettleiing av nyutdanna lærarar i samarbeid med Høgskulen i Telemark 

Kva kan du tilby: 

  •  Autoritativ lærarstil og evna til å byggje gode relasjonar med elevane
  • Stort engasjement og arbeidsglede
  • Samarbeidsevner og fleksibilitet 
  • Forutan ynskje om kompetanse i dei faga som er nemnde over, vil personleg dugleik bli vektlagt 

Nærare opplysningar får du ved å kontakte rektor ved Tveit skule-Nissedal ungdomsskule Reidun C. Retterholt, telefon 35 04 84 82 / mobil 959 21 972 eller einingsleiar Sissel Bronken, telefon 35 04 84 07 / mobil 409 20 833.  

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. 

Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25. 

Søknad på elektronisk søknadsskjema 

Søknadsfrist: 01.03.2018

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk