Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Lærarvikariat ved vaksenopplæringa


Det blir for skuleåret 2018/19 ledig vikariat i inntil 35 % - ID 475.
Dersom ein av lærarane får plass ved vidareutdanning, blir ytterlegare 37,5 % ledig.

Om kommunen
Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1430 innbyggjarar. 
Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. 
Nisser er den største innsjøen i Telemark og eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.  

Om stillinga
Ved Nissedal vaksenopplæring er det om lag 15 elevar; dei fleste frå Syria og nokre frå Kongo.
Vaksenopplæringa er lokalisert ved Kåsa bu- og habiliteringssenter i nye, moderne lokale.

Me kan tilby: 
• Inkluderande og positive arbeidsmiljø 
• Eit utviklingsorientert fagmiljø 
• Løn etter gjeldande tariff 

Kva kan du tilby:
• Stort engasjement og arbeidsglede 
• Samarbeidsevner og fleksibilitet
• Kompetanse i norsk som andrespråk er ynskeleg ev. erfaring frå liknande arbeid
• Personleg dugleik vil bli vektlagt

Nærare opplysningar får du ved å kontakte einingsleiar Sissel Bronken,  tlf. 350 48 407/ 409 20 833.

Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25. 




Søknadsfrist: 20. juni 2018

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk