Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Avdelingsleiar teknisk drift


Vi har ledig stilling som Avdelingsleiar teknisk drift – ID 472

Nissedal kommune har om lag 1500 innbyggjarar og ligg naturskjønt til i Vest-Telemark.
Nissedal kommune er ein to-nivå kommune der eining for teknisk drift er ein av 6 einingar.  

Om stillinga

Til stillinga ligg arbeidsoppgåver knytt til drift, vedlikehald og forvaltning av kommunaltekniske anlegg, bygg og eigedomar, dagleg oppfølging av fagarbeidarar,
vaktmeistrar og reinhaldarar (totalt ca. 11 årsverk). Arbeidet inneber stor kontakt med publikum og tilsette i andre einingar.
Stillinga er direkte underlagt einingsleiar teknisk drift. Det må påreknast deltaking i vaktordning.

Vi ønskjer søkarar som har:
• Høgskuleutdanning/teknisk fagskule innan relevante fagområde
• Kjennskap til, og bruk av digitale verktøy
• Gode samarbeidsevner og leiareigenskaper/-erfaring
• Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
• Minimum førarkort kl. B

Søkarar med relevant arbeidserfaring, men som manglar formell utdanning, vil også bli vurdert.

Vi kan tilby:
• Interessante og varierande arbeidsoppgåver
• Ein uformell arbeidsstil og kort avstand mellom tilsette og leiarar
• Løn etter avtale og medlemskap i Klp
• Fleksitidsordning
• Kontorstad på kommunehuset i Treungen

Tilsetjingsvilkår i følgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
Namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.

For ytterlegare opplysingar: fungerande einingsleiar Kjell Vøllestad tlf. 901 73 809.



Søknadsfrist 22.06.18


Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk