Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ledige stillingar i eining for barnehage

Med atterhald om godkjenning vil Kyrkjebygda barnehage utvide med ny avdeling gjeldande frå januar/februar 2018.

Eining for barnehage vil ha behov for fylgjande stillingar:

  • 100% barnehagelærar, fast stilling – ID 442
  • 100 % barne-og ungdomsarbeider/assistent, fast stilling – ID 443
  • Inntil 100% barne-og ungdomsarbeider/assistent, - mellombels ut barnehageåret 2017/18 – ID 444

Kvalifikasjonskrav for ID 442:

  • Barnehagelærarutdanning
  • Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
  • Samarbeidsevne og fleksibilitet
  • Lyst og evne til å bidra til den gode barnehagen
  • Interesse for faget og vera opptatt av å utvikle deg.
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
 
 Ynskje om kvalifikasjonar for ID 443 og ID 444:

  • Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider
  • Samarbeidsevne og fleksibilitet
  • Lyst og evne til å bidra til den gode barnehagen
  • Interesse for faget og vera opptatt av å utvikle deg.
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
  • Det er ynskje at i ein av stillingane tilsett ein som snakkar arabisk.


Nissedal kommune har 4 kommunale barnehagar i eining for barnehage. Alle barnehagane har leik og språk som felles satsingsområde.
Vi arbeider med utviklingsarbeid på tvers av barnehagane. 

Nynorsk er målforma som blir nytta.

Ved interne tilsettingar kan andre stillingar i eininga bli ledig.

Nærare opplysningar får du ved å kontakte einingsleiar Gro Midtsund, telefon 35 04 84 77 eller mobil 913 82 646.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.

Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.

Søknad på elektronisk søknadsskjema


Søknadsfrist: 20.10.2017

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk