Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Lønskonsulent

Vi har ledig stilling som lønskonsulent ved Fellestenesta.
Stillinga er 100% fast.

Arbeidsstad vil vere kommunehuset i Treungen. 
Nissedal kommune har ansvar for løn til både Nissedal og Kviteseid kommune. Stillinga er knytt til felles lønskontor for desse to kommunane.


Sentrale arbeidsoppgåver vil vere: 

  • Føring/kontroll av fast og variabel løn.
  • Avstemmingar mot kommunerekneskapen
  • Rapportering internt og offentleg
  • Terminoppgåver (A-melding), forskottstrekk, arbeidsgjevaravgift
  • Fråværsregistrering, rapportering
  • Refusjon av sjukepengar/foreldrepengar
  • Ulike personaladministrative oppgåver
  
Det er ønskjeleg med formell utdanning/bakgrunn og praksis innan rekneskap/lønsarbeid. 

Personlege eigenskaper som vil bli tillagt vekt er:
  • Kunne jobbe sjølvstendig, men samstundes ha gode samarbeidsevner
  • Kunne handtere/setje deg inn i varierande arbeidsoppgåver
  • Kunne arbeide systematisk og ha god oversikt/kontroll på dine arbeidsoppgåver
  • Ha ein god rekneskapsinnsikt og vere komfortabel med å jobbe med tal

Vi kan tilby:
  • Gode pensjonsvilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjering etter eige regulativ 
  • Godt arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver. 

For spørsmål, kontakt kommunalsjef Jarle Bruun Olsen, tlf. 905 15 115.

Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.

Vi ber om at elektronisk søknadsskjema - ID 434 


Søknadsfrist: 30.07.17.

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk