Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Psykologspesialist

Fem kommunar i Vest-Telemark


Fem kommunar i Vest-Telemark søkjer etter psykologspesialist eller psykolog med ynskje om spesialisering innan klinisk samfunns –og allmennpsykologi.

Som fylgje av nasjonal satsing innan psykisk helse og rus er det oppretta to 100% psykologstillingar i regionen.

Kommunane i Vest-Telemark er utviklingsorienterte og søkjer etter psykologar som vil vera med i utviklinga av tenestene. Kommune har definert barn og unge som særskilde satsingsområde.

Det vert lagt vekt på fylgjande arbeidsområde for psykologstillingane:

  • Tverrfagleg arbeid, både primærførebyggjande og oppfølging i enkelt saker
  • Rettleiing av faggrupper/ profesjonar
  • Klinisk arbeid 
     

Prioritering og organisering av arbeidet vil føregå i dialog mellom dei psykologane som blir tilsett og kommunane, og vera forankra i samarbeidsavtale mellom kommunane i regionen.


Vi kan tilby:
 
  • Tilbod om kompetanseutvikling og deltaking i lokale fagnettverk, enten i regi av spesialisthelsetenesta og/ eller psykologar i andre kommunar, samt rettleiing, individuelt eller i gruppe.
  • Konkurransedyktig løn og medlemskap i kommunal pensjonsordning.
  • Tilrettelegging for spesialisering.
    Dersom søkjar ikkje har gjennomført spesialisering, vil det ved tilsetjing bli lagt til rette for spesialisering innan klinisk samfunns –og allmennpsykologi.

 
Søkjar må ha førarkort og disponere bil. Det er krav om politiattest før tilsetjing.

For meir informasjon om stillingane kontakt samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland, e-post: samhandling@seljord.kommune.no  eller telefon 995 39 515

Informasjon om dei andre kommunane i regionen er tilgjengeleg på:

 
Søknad sendast på e-post til Kviteseid kommune: post@kviteseid.kommune.no 

Søknadsfrist: 23.04.19

Velkommen som søkjar!

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk