Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Sjukepleiar


Eining for omsorg har ledig stilling som sjukepleiar.

Om kommunen

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500 innbyggjarar.
Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.

Eining for omsorg består av somatisk og skjerma avdeling, heimesjukepleie, heimehjelp og kjøkken/vaskeri/reinhald. Skjerma avdeling er ei godt tilrettelagt avdeling for personar med demens,  med plass til 6 pasientar og har  god bemanning. Har og spesielt fint uteområde/sansehage for pasientgruppa.

På skjerma avdeling er det ledig stilling som sjukepleiar - ID 492

Kvalifikasjonskrav:

  • Den som søkjer må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk

Ønskelege kvalifikasjonar:
  • Vidareutdanning innan geriatri
  • Interesse for å jobbe med personar med demens
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og kunne takle utfordrande situasjonar
  • Evne til å leie/rettleie og motivere andre
  • Gode samarbeidsevner 

Vi tilbyr:
  • Arbeid i gode tilrettelagde lokalar for pasientgruppa
  • Fadderordning for nyutdanna sjukepleiarar
  • Vanleg turnusarbeid med arbeid kvar 3.helg
  • Løn etter avtale

Det vert kalla inn til intervju.
Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar.


Kontaktperson

Ingerid Homme, avdelingsleiar somatisk avdeling – telefon 35 04 84 60
Arne Hansen Espebu, einingsleiar omsorg – telefon 35 04 84 52


Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov og kommunen sitt reglement. 
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.





Søknadsfrist: 20.02.2019

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk