Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Sommarvikarar – ID 420

Innsjøen Nisser på ein sommardagLaila Strand

Sommar i vakre Nissedal.
Eining for omsorg, Nissedal kommune søker ferievikarar.

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1400 innbyggjarar. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.

Eining for omsorg består av somatisk og skjerma avdeling, heimesjukepleie, heimehjelp og reinhald/kjøkken.

Vi søker vikarar for vikariat i ymse stillingstorleikar og for kortare eller lengre tidsrom sommaren 2017.

Vi treng:

  • sjukepleiarar
  • omsorgsarbeidarar
  • studentar
  • elevar
  • kokkar 
  • assistentar

Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement. Vanlege løns- og pensjonsvilkår. 
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Kontaktperson:

  • Einingsleiar Gry Sollie Hem
  • Telefon 412 41 983 / 35 04 84 52


Søknadsfrist: Fortløpande inntak, opplys i søknaden på kva stilling du ynskjer.

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk