Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Stillingar i eining for barnehage

Me har fleire ledige stillingar i eining for barnehage.

  • ID 486 - Inntil 100% fast fagarbeider/assistent stilling frå 01.12.2018.
    Kompetansekrav:  Ynskje om at søkjar har fagbrev som barne- og ungdomsarbeider.
    Andre med relevant utdanning/praksis kan og søke.

  • ID 487 - 50% fast spesialpedagog frå 01.02.2019. 
    Denne stillinga er knytt til eit barn med særskilt behov.
    Stillinga vil bli auka opp til 80% frå 01.05.2019.
    Kompetansekrav: Minst 3-årig høgskuleutdanning innanfor spesialpedagogikk.

  • ID 488 - 60% mellombels fagarbeider/assistent i perioden 01.01.2019 – 31.07.2019.
    Kompetansekrav:  Ynskje om at søkjar har fagbrev som barne- og ungdomsarbeider.
    Andre med relevant utdanning/praksis kan og søke.

  • ID 489 - 100% vikariat barnehagelærar gjeldande frå 01.02.2019 – 31.12.2019.
    Mogleg at vikariatet vil gå lenger.
    Kompetansekrav: barnehagelærar.

Me søkjer etter tydelege og reflekterte medarbeidarar som veit å byggje gode relasjonar med barn og føresette så vel som kollegaer.
Personleg dugleik og referansar vil bli vektlagt. 
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Me kan tilby:

  • Inkluderande og positivt arbeidsmiljø
  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Tilsetting og pensjonsordningar på kommunale vilkår
  • Løn etter gjeldande tariff

Kvalitetskrav og - ynskje:

  • Positiv haldning og kunnskap om barns leik og utvikling
  • Stort engasjement og arbeidsglede
  • Lyst og evne til å bidra til den gode barnehagen
  • Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og ynskje om å ta utfordringar
  • Interesse for faget og vera opptatt av å utvikle deg.

Ved interne tilsettingar kan andre stillingar bli ledig.
Nærare opplysningar får du ved å kontakte einingsleiar Gro Midtsund, telefon 35 04 84 07 eller mobil 913 82 646.

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.

Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.




Søknadsfrist: 20.11.2018

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk