Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Styrar og styrar/pedagogisk leiar

Eining for barnehage har fylgjande stillingar ledig:

  • Inntil 100% fast styrarstilling i Treungen barnehage frå midten av september 2019. Treungen barnehage er ein to-avdelings barnehage med godkjent for 60 barnehageplassar – id 526
  • 100% styrar/pedagogisk-leiar – vikariat  i Felle barnehage frå medio oktober 2019  til 1. november 2020. Felle barnehage er ein barnehage med 18 godkjente barnehageplassar for barn i alderen 1 – 5 år. Barnehagen gir og SFO-tilbod – id 527

Kvalifikasjonskrav:

  • Barnehagelærarutdanning
  • Leiarerfaring
  • Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
  • Samarbeidsevne og fleksibilitet
  • Omstillingsevne
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar


Vi kan tilby:

  • Inkluderande og positivt arbeidsmiljø
  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Tilsetting og pensjonsordningar på kommunale vilkår


Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk.

Ved interne tilsettingar kan andre stillingar bli ledig.

Nærare opplysningar får du ved å kontakte einingsleiar Gro Midtsund, tlf. 350 476 eller 91 38 26 46.

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.

Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.

Søknad på elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist: 25.08.2019


Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk