Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Tilkallingsvikarar ved NOS


Vi søkjer etter tilkallingsvikarar ved Nissedal Omsorgssenter og i heimetenesta. – ID 496

Om kommunen

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500 innbyggjarar.
Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone,
Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande
landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.
Eining for omsorg består av somatisk og skjerma avdeling, heimesjukepleie, heimehjelp og reinhald/kjøkken.

Vi treng:

Sjukepleiarar, fagarbeidarar, studentar, elevar og assistentar som kan ta ekstravakter i helger og elles når det oppstår behov.
Arbeidet består  i pleie- og omsorgsoppgåver ved institusjon og i heimetenesta.
Vi treng og fleire vikarar på kjøkken, vaskeri og reinhald i tida framover.


Det er fint viss du kan skrive om kva du kan tenkje deg å jobbe med. Ved ønskje om å jobbe i heimetenesta, må du ha førarkort på bil Kl. B.

Kvalifikasjonar:

  • Ønskeleg med fagutdanning/universitetsutdanning
  • Andre kan og søke, då opplæring vil bli gitt.
  • Du må kunne kommunisere godt, både munnleg og skriftleg på norsk.
  • Interesse for og ønske om å hjelpe eldre menneskar

Vi tilbyr:  

  • Opplæring der du skal jobbe
  • Kompetente og interesserte kollegaer

Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement. 
Vanlege løns- og pensjonsvilkår. 

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Kontaktpersonar:

Solveig Nilsen, telefon 35 04 84 63
Ingerid Homme telefon 35 04 84 60  
Arne Hansen Espebu, telefon 35 04 84 52

Søknad på elektronisk søknadsskjema


Søknadane vil bli behandla fortløpande.

Søknadsfrist: 20.02.19



Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk