Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vernepleiar - Kåsa bu- og avlasting

Tenesta for funksjonshemma har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar, i turnus med arbeid kvar 3. helg - ID 456, og eit 58 % vikariat (ca. 10 mnd.) som vernepleiar i turnus med arbeid kvar 3. helg - ID 457.

Om kommunen

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500 innbyggjarar. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.

Eining for helse og habilitering er tenesta for funksjonshemma og helseavdelinga. 

Om stillinga

Ansvarsoppgåver:

  • Delta på samarbeidsmøter kring brukarar
  • Primærkontaktoppgåver
  • Medikamentansvar i høve til lovverk og interne rutiner
  • Vurdere, planlegge, gjennomføre og evaluere tenestar til aktuelle brukarar
  • Bistå brukarar i daglige gjeremål, aktivitetar, stell og pleie
  • Målretta miljøarbeid
  • Halde seg faglig og teknisk oppdatert.

Kvalitetskrav:
  • Autorisasjon som vernepleiar, evt. anna relevant 3-årig høgskuleutdanning

Søkjar bør ha:
  • Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og ynske om å ta utfordringar
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til empati og sette brukaren i sentrum
  • Kunnskap og erfaring i bruk av Profil
  • Personlege eigenskapar vektleggjast

Vi kan tilby:
  • Allsidige og meiningsfylte oppgåver
  • Vidareutvikling av fagmiljø

Søkjaren må ha førarkort kl. B.

Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement. 
Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige. Vanlege løns- og pensjonsvilkår.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Kontaktperson:
Konstituert einingsleiar Tove Solli Homme, tlf. 901 25 133


Søknad på elektronisk søknadsskjema - ID 456, 457


Søknadsfrist: 19.04.18.






Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk