Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Førehandsrøysting frå 12. august

Måndag 9. september (nokre stader også søndag 8. september) er det kommunestyre- og fylkestingsval.

Dersom du ønskjer det, kan du røyste på førehand. Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ønskjer. Her finn du alle førehandsrøystelokala: www.valg.no/valglokaler. Dersom du førehandsrøyster i ein anna kommune enn der du står oppført i manntalet, må du gjere dette så tidleg at røysta di kan nå fram til den rette kommunen innan 10. september.

Ta med legitimasjon med bilde når du møter fram for å førehandsrøyste. Viss røystemottakaren ikkje kjenner deg, vil du elles ikkje få røyste. Dersom du har fått tilsendt valkort, bør du ta med det og, sjølv om det ikkje er noko krav for å få førehandsrøyste.

Viss du ikkje har fått valkort innan 10. august, bør du ta kontakt med heimkommunen din.

Her kan du førehandsrøyste alle kvardagar mellom klokka 08.00 og klokka 15.00 frå 12. august til og med 6. september 2019:

  • Kommunehuset
  • Det er óg mogleg å røyste: Ved Nissedal omsorgssenter, tysdag 3. september frå klokka 10 til klokka 12.

Valstyret i Nissedal kommune

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk