Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Her kan du røyste

Måndag 9. september (og nokre stader også søndag 8. september) er det kommunestyre- og fylkestingsval.

Du har røysterett viss du står i manntalet. For å bli innført i manntalet må du vere norsk statsborgar, fylle 18 år eller meir innan utgangen av 2019 eller vere folkeregistrert som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen eller vere statsborgar i eit anna nordisk land og blitt ført i folkeregisteret som busatt i Noreg seinast 30. juni 2019.

Tid og stad for røysting i din kommune finn du i oversikta nedanfor. Du finn det óg på www.valg.no/valglokale.

Hugs å ta med legitimasjon med bilde når du møter fram for å røyste. Viss røystemottakaren ikkje kjenner deg, krev vallova at du må vise legitimasjon. 
Viss du har fått tilsendt valkort, bør du ta det med óg sjølv om det ikkje er noko krav for å få røyste.

Valkrins og røystestad:
  • Treungen krins - kommunehuset
  • Fjone krins - Fjone skule
  • Felle krins - Felle skule
  • Nordbygda krins - Nissedal Gjestestoge
  • Måndag 9. september frå klokka 13.00 til klokka 20.00.
(Merk: Det er ikkje lenger sundagsval i Nissedal kommune)

Valstyret i Nissedal kommune

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk