Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Røyste heime?

Måndag 9. september (og nokre stader også søndag 8. september) er det kommunestyre- og fylkestingsval.

Viss du på grunn av sjukdom eller uførleik er hindra frå å møte på vallokalet eller førehandsrøystingslokalet, kan du søkje om å få røyste heime eller der du oppheld deg.Det er ikkje nødvendig å søkje viss du oppheld deg på ein institusjon der det blir arrangert førehandsrøysting.

I førespurnaden må du oppgi fullt namn, fødselsdata og -år og kva adresse du oppheld deg på den siste veka før valet. Du må óg oppgi eit telefonnummer som vi kan nå deg på. Ta kontakt med kommunen viss du har spørsmål eller ønskjer hjelp til å søkje om å få røyste heime.

Fristen for å søkje er 3. september.

Send søknaden til Valstyret i Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855
Treungen eller e-post: postmottak@nissedal.kommune.no, telefon 35 04 84 00.

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk