Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Står du i manntalet?

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet må du stå i manntalet.

Du kan undersøke om du står i manntalet i kommunen der du bur når det blir lagt ut til ettersyn på dei stadene som er oppgitt i denne annonsen.

Dersom du har flytta til ein annan kommune og folkeregisteret ikkje har fått melding om flytting innan 30. juni, står du framleis i manntalet i kommunen du flytta frå. Då kan du anten førehandsrøyste eller du kan røyste på valdagen i kommunen der du står i manntalet.

Dersom du får valkort står du i manntalet. På valkortet står det i kva kommune du er manntalsført, kva krins du høyrer til og kva opningstider krinsen har. Dersom du ikkje har fått valkort innan 10. august bør du ta kontakt med kommunen for å sjekke at du står i manntalet. Hugs å ta vare på kortet og ta det gjerne med deg når du skal røyste.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller du meiner det er andre feil i listene, kan du klage. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Send klagen til valstyret i kommunen. 

Manntalet er lagt ut til ettersyn på følgjande stader:

  • Kommunehuset 
  • Nissedal Landhandel 
  • Felle Landhandel

Klage over feil i manntalet skal sendast: Valstyret i Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen.

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk