Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Aktivitetstilbod for 5.-7. og 8.-10. klasse


Aktivitetstilbod for 5.-7. klasse

Fysisk aktivitet er viktig for normal vekst og utvikling, og god helse blant born og ungdom. Det har også positiv effekt på psykisk helse, konsentrasjon og læring. Nissedal kommune ynskjer derfor å tilby eit variert aktivitetstilbod for dei som går i 5.- 7. klasse. Det vil bli ulike leikaktivitetar som stafettar og hinderløyper, og generelle basisøvingar for heile kroppen.

Oppstart torsdag 8.februar kl. 15.10 – 16.00 i fleirbrukshallen Hægefjell. Treningane vil vere kvar torsdag fram til sommaren.


Kom i form!
Funksjonell trening for 8.-10. klasse

Oppstart måndag 5.februar kl. 14.45 – 15.30 i Fleirbrukshallen, Hægefjell. Treningane vil vere kvar måndag fram til sommarferien.

Treninga vil hovudsakleg vere styrkeøvingar for heile kroppen, men det vil også vere innslag av bevegelse- og kondisjonstrening.

Du vil kvar gong få grundig rettleiing og instruksjon av fysioterapeut.

Ved å delta på dette vil du oppleve meistring og få ein sterkare kropp! Her kan alle delta uansett form og treningserfaring.


For begge tilboda: Påmeldingfrist innan 02.02.2018

Spørsmål og påmelding til fysioterapeut Hild Riseth Fjone, hild.fjone@nissedal.kommune.no, telefon 35 04 84 29.



TreningColourbox

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk