Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Akuttiltak for å trekke hjortevilt vekk frå trafikkerte vegar

På bakgrunn av dei store snømengder som er i kommunen denne vinteren, har hjorteviltet problem med å ta seg frem i snøen. Dette har bl.a. medført større risiko for påkøyrslar langs vegane.

Med heimel i forskrift for motorkjøretøyer i utmark etc. § 3, bokstav i) har kommunen derfor opna for bruk av snøscooter og ATV med belte kan køyre opp vegar som et tiltak for å redusere risiko for kollisjon mellom bil og vilt.

Nissedal kommune oppfordrar derfor grunneigarar, eller den som opptrer på vegne av grunneigar, om å køyre opp løyper for hjorteviltet, og felle trær ( osp og selje ) for å trekke dyra vekk frå trafikkerte vegar.

Vilkår for køyring
- Køyring i området som ligg høgare enn 500 moh er ikkje tillate -
- Grunneigar må ha gitt løyve til køyring og felling av trær-
- Køyring kan bare skje på eller i nærleiken av ubrøyta veg (f.eks. på/langs ubrøyta skogsbilvegar I traktorvegar )
- Køyring i verneområder er ikkje tillate
- Kjøretøyet skal være registrert
- Køyring skal skje aktsamt og omsynsfult for å unngå skade og ulempe for naturmiljøet og menneskjer.

Tillate køyredagar: Frå 12. februar til og med 31. mars 2019


Med helsing
Magne Skarprud
fagkonsulent utmark



Elg som et på eit tre vinterstid

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk