Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Bustadtomter for sal på Damkollen, Treungen

Nissedal kommune opparbeider eit nytt bustadfelt på Damkollen. Feltet består av 6 bustadtomter med storleik frå 3430 m2 til 4000 m2.

Tomtene ligg nært til skule, sentrum og idrettsanlegg mv. Tomtefeltet vil bli opparbeid med vass, avlaup og el-forsyning fram til tomtegrensa. Det vil bli asfalt på internvegar med gateljos.

Kommunen har ute anbod på opparbeiding av veg, vatn, avløp, straum ol. til tomtene, og tomteprisen blir basert på sjølvkost. Anbodet har innleveringsfrist 25.04.2019, og etter fristen veit me meir kva pris det blir per tomt.

Sal av bustadtomtene skjer ved at ein melder sin interesse skriftleg til einingsleiar for teknisk drift. Det vil bli trekning av tomt dersom fleir er interessert i same tomta, etter at søknadsfristen er utgått. 

Dersom du ønsker tomt må du søke innan 30. april, søknad sendes til kristin.vaa@nissedal.kommune.no eller pr. post til Nissedal kommune.

Søknadsberettigede er enkeltpersonar/husstandar som skal oppføre bustad til eige bruk. 

Ev. spørsmål kan rettast til Einingsleiar Teknisk drift Kristin Kyrkjerud Vaa, tlf. 905 39 498

Her finn du tomtene på kommunekartet


Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk