Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Invitasjon til eldredagen - 14.12.17

Nissedal eldreråd og Nissedal kommune inviterer til markering av eldredagen torsdag 14. desember kl 13.00 på Mila aktivitetssenter. Vi byr på god underhaldning og god mat.

Vi har invitert Nicolae Bogdan til å spele for oss. Han vil framføre kjente og kjære melodiar, som ein kan synge med på om ein vil.
Nissedal bygdekvinnelag serverer nydeleg ertesuppe til oss, og kake til kaffien sponsar Fagforbundet.

Program:

- 13.00 – 14.00: Underhaldning ved Nicolae Bogdan
- 14.00 – 15.00: Matservering med  ertesuppe og kake/kaffe på menyen

Hjarteleg velkomen til hyggetreff og markering av eldredagen på Mila torsdag 14. desember.
Arrangementet er gratis

Med venleg helsing
Nissedal kommune, eining for kultur, i samarbeid med Nissedal eldreråd, Nissedal bygdekvinnelag og Fagforbundet  

Nicolae Bogdan

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk