Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Endra opningstider på symjebassenget

På grunn av stor pågang har me endra opningstidene på laurdagar i symjebassenget.

Nye opningstider på laurdagane er:

- Vaksenbading/symjetrening med badstove frå kl. 10.00 til 11.00, og
- Familiebading frå kl. 11.00 til 16.00.

Reglar for bading er dei same, born frå 5. klasse og oppover kan bade utan vaksen om dei kan symje. Barn som ikkje kan symje og er under 5. klasse-alder må ha med ein vaksen.

Velkomen til bading og hugs at biblioteket er ope annankvar laurdag. No fram til jol er biblioteket ope 2. desember og 16. desember.

Velkomen!



Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk