Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Gratis HPV-vaksine

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødde i 1991 og seinare. NB! Ta kontakt med helsesyster Anita Haugstad Haugsjå innan onsdag 27.09. for påmelding. Tlf 35 04 84 20

Alle kvinner som er fødde 1991 og seinare får frå november 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine).  Vaksinen er tilrådd til unge kvinner fordi den førebyggjer livmorhalskreft og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon. 
HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, mesteparten av dei i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men somme får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft.  Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdomen. Vaksinen kan gi vern sjølv om ein har debutert seksuelt, og den er derfor tilrådd til alle unge kvinner som ikkje tidlegare er vaksinerte. Den gir svært langvarig vern, kanskje livslangt vern, melder Folkehelseinstituttet.  
Jenter som er fødde i 1997 og seinare har fått tilbod om HPV-vaksine gjennom barnevaksinasjonsprogrammet. Også dei som tidlegare har takka nei til vaksina i 7.klasse, men som no har ombestemt seg, kan med dette nye tilbodet heretter få den gratis. Tidlegare var ordninga slik at enten måtte ein ta den i 7.klasse gratis, eller så måtte ein betale sjølv dersom ein ombestemte seg og ville ta den seinare (og den er veldig dyr). Men dette er no endre med dette nye tilbodet som varer i to år framover. HPV vaksinene som er i bruk i Norge er ikkje nye, dei har vore brukt i ca 10 år rundt om i verda, og det er gitt meir enn 270 millionar doser. Dei beskyttar ikkje mot alle typer livmorhalskreft, men gir vern mot HPV type nr 16 og 18, desse to typane er ansvarleg for meir enn 90% av alle livmorhalskrefttilfella.
 
Tilbodet er mellombels og varer i ein toårsperiode frå november 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar med bestemte intervall mellom dei ulike dosene gitt over 6-12 månader og må startast opp innan utgangen av 2018. 
 
Alle har rett til å få vaksina i den kommunen dei oppheld seg, dersom ein studerer annan stad i landet til dømes, kan ein ta vaksina der, ein treng ikkje vente til ein kjem heim til Nissedal. 
• Unge kvinner i målgruppa kan få vaksinen ved å ringe Nissedal Helsestasjon for bestilling av time. 
• Vaksinasjonen blir gjennomført på Nissedal helsestasjon
på to bestemte dagar kvar månad frå november og vidare framover, tilbodet kan bli auka opp dersom det skulle bli svært stor etterspørsel.

Folkehelseinstituttet sender ut SMS varsling om tilbodet til kvinnene som er fødde i årskulla 1991-1996 i veke 44. Ei serie med korte animasjonsfilmar om HPV og HPV-vaksina vil bli publisert i sosiale medier direkte til målgruppa same veka. 


Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine finn du på Folkehelseinstituttet si nettside: https://www.fhi.no/hpv-vaksine


 


Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk