Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Info vedkomande kapasitetsproblem ved Felle vassverk

Vi har problem med kapasiteten på vasskjelda til Felle vassverk.

Dette kan føre til at vi må hente vatn frå ei kjelde som har meir farge på vatnet. For å vere sikker på at vi forsyner abonnentane med hygienisk trygt vatn vil vi da klore vatnet. Dette kan føre til at vatnet kan lukte/smake klor som følgje av at klor binder seg til organisk materiale i vatnet. Vi er lei for den ulempa dette måtte medføre for dykk som abonnentar. 

Vi er i gang med å sjå på alternativ for utbetre problemet med kapasiteten og håpar at dykk har forståing for utfordringa vi står ovafor. 

Det er svært viktig at alle abonnentane ved Felle vassverk følgjer restriksjonane for vatning og tenker litt ekstra når det gjeld til bruk av vatn. 

Vatningsrestriksjonar for Felle Vassverk: 

* Innbyggarar med etternamn frå A-L kan vatne ein time mellom 17.00 til 23.00 på måndag, onsdag og fredag. 

* Innbyggarar med etternamn frå M-Å kan vatne ein time mellom 17.00 til 23.00 på tysdag, torsdag og laurdag. 

* Det er ikkje tillate å vatne med spreiar eller svetteslange, berre handheldt slange. 


Vi er takksame for at dykk viser omsyn og er lei for ulempa dette medfører dykk som abonnentar, og ønskjer dykk ein fortsatt fin sommar. 


Einingsleiar teknisk drift









 

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk