Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Informasjonsmøte om bildedeling

Torsdag 2. mai inviterer lensmann Marie Kornmo Enger til informasjonsmøte om bildedeling på nett.
Dette er eit viktig tema i dagens digitale samfunn, særleg for oss med barn og unge i hus.

Stad: Kinosalen i fleirbrukshuset
Tidspunkt: Kl. 18-19.30

 
Kort om møtet

Barn og unge brukar mobiltelefonar og appar som legg til rette for å ta og dele bilete og videoar. Diverre er det mange som tek og spreier seksualiserte bilete og videoar av seg sjølv og av andre. Mange trur dei er meir anonyme på internett enn dei eigentleg er. Dette er med på å viske ut grenser for kva som er greitt å gjere. Politiet har sett mange saker der ungdom sender eit nakenbilete til nokon dei stolar på, men biletet delast vidare likevel. Dette er ulovleg, og delinga er ein stor påkjenning for den det spreiast nakenbilete av.



Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk