Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

iPad til Nissedalsskulen

Førstkomande fredag (29.03.) får elevane i Nissedalsskulen utlevert kvart sitt læringsbrett (iPad) og deksel.
Dette har dei venta på lenge, og vi gler oss til å endeleg kome i gang med det digitale elevarbeidet.

Læringsbretta blir utlevert siste time på fredag, og elevane skal opne og starte den opp heime i løpet av helga. Dekselet må også bli sett på. 

Her finn de instruksjonar for oppsett av iPaden. Det er viktig at de følgjer dette oppsettet.

Her er ein You-tube film med instruksjonar for påsetting av dekselet: https://www.youtube.com/watch?v=UGg6qcf0rdY
Desse deksla er svært gode med tanke på slag/støt, og dei skal vere på til ein kvar tid.

Dersom nokon treng hjelp, er Marit og eg tilgjengelege på skulen førstkomande laurdag frå kl. 10-14. 
Biblioteket har også nettilgang og er open på laurdagen, dersom de klarar det sjølv men manglar nett.

Lykke til med oppstarten!

Mvh
Reidun Carol Retterholt
Rektor Tveit skule/Nissedal ungdomsskule 

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk