Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

NAV i omorganisering

NAV Nissedal og NAV Kviteseid blir slått saman frå 01.01.19. og heiter då NAV Kviteseid – Nissedal.

Innbyggarane i Nissedal kommune vil frå  01.01.19 få tenester og oppfylging som før, men det gamle NAV-kontoret er ikkje lenger i bruk. 
I staden vil ein få avtalte møter med sin rettleiar i lokale i Nissedal kommunehus eller på annan eigna stad som ein blir einige om.

Du kontaktar ditt nye NAV-kontor via nav.no eller Kontaktsenteret på tel. 55 55 33 33.

Du kan levere søknader om statlege ytingar via nav.no.  

Søknader om kommunale ytingar blir du einig med din rettleiar om korleis du leverer.

Om det er akutt behov for økonomisk stønad eller midlertidig bustad prøvar du fyrst å kontakte NAV via Kontaktsenteret for å fortelje kva det gjeld.  Du vil også kunne få bistand i resepsjonen i kommunehuset til å få direkte kontakt med NAV Kviteseid-Nissedal.

I perioden 13.12.18 – 31.12.18 har NAV Nissedal redusert opningstid for oppmøte på grunn av omorganisering.

 - 18.12  kl. 10.00 – 13.00
 - 20.12  kl. 10.00 – 13.00
 - 27.12  kl. 09.00 – 11.00

NAV har forståing for om nokon blir bekymra for korleis den nye løysinga i Nissedal kommune vil bli, då det er noko annleis enn tidlegare. 
Det er sjølvsagt NAV sitt mål å yte god service og gode tenester, og vi ynskjer tilbakemeldingar på korleis ein opplever tilbodet når ein har prøvd det ut ei tid.


Mvh

Björn Johansson
Leiar i NAV Kvitesied-Nissedal 

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk