Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Opning av småskulen

Onsdag 18.april var det høgtideleg opning av småskulen på Tveit.

Skulen har blitt bygd ut med større klasserom, eige rom til SFO, garderobar, lagerplass og nytt arbeidsrom for lærarane.
Dette er ei utbygging vi på skulen har venta på lenge og er kjempeglade for at nå er utført! 

På festen fekk vi sjå alle dei flotte elevane på småskulen framføre utdrag frå Hakkebakkeskogen. Som alltid imponerte elevane stort!

Etter elevframsyninga var det kake, saft og kaffi. 

Takk til alle som har gjort både bygginga og den fine opningsfesten mogleg.

Beste helsing,
Reidun C Retterholt
rektor

Kake til småskulen

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk