Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Reguleringsplanar - varsel om oppstart

I medhald av pbl §12-8 varslar Nissedal kommune oppstart av reguleringsplanarbeid, detaljregulering, for områda:

Treungen sentrum, nord, ca. 175 da. Avgrensinga av området går fram av kartskissa.

Framnes øvre, ca. 145 da. Avgrensinga av området går fram av kartskissa.

Planarbeidet skal begge stader detaljavklare nye område for bustadbygging. I tillegg vil behovet for endringar av nåverande arealbruk bli vurdert, irekna endringar av gjeldande planføresegner.

Viktige utgreiingstema vil vere kulturminne, naturmiljø og nødvendig teknisk infrastruktur.

Eventuelle innspel eller merknader må sendast skriftleg til: Nissedal kommune Plankontoret Treungvegen 398 3855 TREUNGEN, eventuelt til e-postadresse: info@nissedal.kommune.no.  

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk