Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Røykvarslardagen 1. desember

Bruk Røykvarslardagen 1. desember til å bytte batteri og teste røykvarslarane dine - røykvarslarar reddar liv.

I desember i fjor døydde det åtte nordmenn i brann. I perioden 2000 og fram til i dag har det vore 2865 bygningsbrannar i Telemark. Det har omkome 37 personar i brann i same periode. Ein person har så langt i år omkome i brann i fylket. 

Gode råd frå brannsjef Tore Metveit i Vest Telemark Brannversamarbeid 

- Halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustader som ikkje har fungerande røykvarslarar. 

- Når ein brann oppstår har du berre få minutt på deg til å kome deg ut av huset.

- Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og     soverom, også når døra mellom romma er lukka. 

- Du bør kople røykvarslarane saman slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere og vera med på å redde deg og  familien din.

- Røykvarslarar bør testast jamleg også når du har vore bortreist over lengre tid.

- Det er ein fordel å støvsuge røykvarslaren jamleg - det aukar levetida til varslaren.

Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å bytte batteri på Røykvarslardagen 1. desember.

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom Direktoratet for samfunnskunnskap og beredskap (DSB), Norsk brannvernforening, Gjensidige, det lokale elektrisitetstilsynet og brann- og feievesenet. 

På roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Vest Telemark brannvesen og det lokale elektisitetstilsynet vil ha stand med orientering og utdeling av materiell desse stadane:

- Vinje, Fristadsenteret 01.12.

- Kviteseid, Kiwi 05.12.

- Seljord, Telesenteret 06.12.

- Vinje, Haukelitunet 08.12.

Kontaktperson lokalt Branninspektør Torbjørn Lia, mobilnr. 976 61 911

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk