Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Søknadsfrist kulturskulen - 15. mai

Kulturskulen minner om at søknadsfristen for neste kulturskuleår er 15.mai!
Hugs at alle må søkje på nytt kvart skuleår.

Me fortsetter med dei vanlege faga, men me har au tenkt å starte opp med to nye fag som elevane kan søkje på dette skuleåret.
I 2018/2019 kan elevane for fyrste gong få "Visuell Kunst" som fagområde. I 2018/2019 vil dette kun vere eit tilbod til ungdomsskuleelevar.
Malen Erichsen vil vere lærar i faget, og ho ynksjer å gjere sitt beste for at elevane skal oppleve mestring og glede.
Faget omfamnar mykje moro. I året som kjem vil hovudfokuset vere film. Synopsis, storyboard, filming og redigering.
Me tek også sikte på å innom gips, leire, perspektivteikning og sløyd. 

I tillegg så håpar vi at det er nokre som har lyst til å melde seg på "Låtskriving", altså lage og skrive songar. Her er det ein fordel at eleven beherskar eit akkordinstrument(piano/gitar) eller at eleven har lyst til å lære det.

Det vil også bli dansekurs neste skuleår, men påmelding og meir informasjon om det kjem til hausten.

Avslutningskonserten blir 13. juni kl. 18 i Fleirbrukshallen. 

Og nytt kulturskuleår startar i veke 34.


Søknadsskjema finn de her


Mvh Rune Sanden
Kulturskulerektor

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk