Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Topptur Nissedal 2017

Nissedal kommune inviterer deg til å vere med på Topptur Nissedal 2017

Vi byr på 36 fjelltoppar med kasse og bok, fordelt i heile kommunen.
Klarer du å gå opp på  10 av desse toppane innan 15. oktober, får du ei flott Topptur Nissedal t-skjorte heilt gratis.

Born som er fødd i 2005 eller seinare, må klare 7 toppar for å få t-skjorte.


Har du lyst til å vere med? 

Skriv ut denne foldaren 

Noter opp dato for når du har vore på toppen. Du må også skrive namnet ditt i boka på den toppen du har vore.

Du vel sjølv kva toppar du vil gå, men du må ha 10 ulike toppar.

Når du har gått 10 eller 7 toppar, leverer du foldaren til Treungen sport og fritid/turistinformasjonen, og får du ei fin t-skjorte.
Designet på t-skjorta er laga av den lokale kunstnaren Heidi Fasteaune.

Meir tips og informasjon om turar kjem. Følg med på facebook, Topptur Nissedal, og legg gjerne ut bilde frå turane dine på instagram  #toppturnissedal

Turløyper

GOD TUR!


Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk